ISLAMISERING AV DEMOKRATIET

Av Hallgrim Berg

Kunnskapsløysa om islam og islamismen er skremmande. På den europeiske debattarenaen er det framleis få som er opptekne av kva den politiske islamismen kan føre til for demokratiet, i alle fall er det få som pratar høgt om det. Naivisme og idyllisme fører til i staden til romantisering. Problema som følgjer framandkulturell innvandring, veks. Islamifiseringsprosessen rullar. Islamsk press fører til frykt. Det frie ordet tapar. Demokratiet lir.

Islamismen er ein totalitær ideologi med ein serie kjenneteikn og konsekvensar som i sum stiller seg i same skrekkens kategori som nazismen, fascismen og kommunismen. Islamisme og demokrati går aldri fullgodt i hop. Som i all totalitarisme: Den Store Visjonen blenkjer forførande. Formelen for samfunnet og oppskrifta for mennesket er nøye tenkt ut og planlagt av ein liten elite på førehand, anten det er «Partiet», «Føraren», «Formannen», «Profeten», «Sentralkomiteen» eller kva dei måtte titulere seg.

Leiarskapet, uansett vignettar og fargekulør, er alle like sjølvrettferdige, like propagandistiske, like manipulerande, like militante, like sorterande, like sensurerande, like menneskeundertrykkande, like meiningsundertrykkande, like skrekkelege i bruk av vald, tortur og fantasifulle straffemetodar, like velutstyrte med sine korps av handplukka menn og godt betalte slaktarar, klare til nådelause utreinskingar på politisk, etnisk, religiøst eller seksuelt grunnlag. Minoritetar står ikkje høgt i kurs.

Alt som kan tene saka og formålet er rettferdig i seg sjølv! Alt som må til for å stoppe kjeften på opposisjonelle, er lov! Ytringsfridomen er difor det første offeret under totalitære regime. I demokratiske land, der vald og trugsmål blir nytta som press frå ideologiske grupperingar, blir folket, dei folkevalde og kommentatorane redde. Frykt er eit forferdeleg våpen. Som alltid: Frykt utløyser feigskap. Ni av ti politikarar, byråkratar, generalsekretærar og mediefolk lir av det same moderne KK-syndromet (komfort og karriere), og vil difor unngå debattar der dei risikerer påstandar om framandfrykt og rasisme. Skal dei redde euroen, klimaet og pressestøtta, kan dei ikkje drive med slike bagatellar som demokrati og menneskerettar.

¤

Ytringsfridomen i Europa er no under synleg og usynleg press frå to kantar. Aktivistiske muslimar vil ha forbod mot blasfemi, dvs. forbod mot kritikk av islam og negativ omtale av Profeten og religionen. Politiske styresmakter og deira allierte (gjerne dei som i stor grad lever av ymse former statstilskott) vil ha meir filtrering av ytringar i pressa og innføre innstrammingar av ytringar på plattformar dei ikkje sjølve kontrollerer. Uredde og uavhengige skribentar og kunstnarar risikerer å ytre seg med livet som innsats. Episodane tek til å bli utriveleg mange også her i Norden.

I spørsmål om innvandring, islam, religionskritikk og blasfemi er ytringsfridomen for lengst kome på defensiven. Som Per Edgar Kokkvold seier: «Ytringsfrihetens grensesteiner er de siste tjue åra flyttet sakte, men sikkert i feil retning». Fenomenet gjer sitt inntog i Europa rundt, dette som William Nygaard kallar «selvsensurens gift». Det er alarmerande når viktige grupper og personar er villige til å slå av på ytringsfridomen, gli over i fornekting, i retning verdirelativisering og sjølvsensur, slik også norske styresmakter, norske politikarar og norske presseorgan har gjeve nedslåande eksempel på dei siste åra.

Handteringa av striden om karikaturteikningane i 2006 fortalde sitt om det pågåande knefallet. Ein norsk redaktør i ei lita kristen avis måtte stå skulerett framfor ein gjeng imamar på eit departementskontor (!) og be om orsaking for at han hadde nytta sin soleklare rett til å trykke ein faksimile med teikningar som framstilte Profeten på humoristisk vis.

Den nye globale runden med protestar og demonstrasjonar som hausten 2012 følgde den amerikanske filmen The Innocence of Muslims, må seiast å vera ein ytterst tankevekkjande reprise. I vårt land samla over fem tusen muslimar og andre seg bak Islamsk Råd på Youngstorget den 21. september fordi dei var «såra» og «følte seg krenket» av ein film (som i Los Angeles vart synt fram ein gong og med ti selde billettar). Internasjonal reklame for dette makkverket av ein film var det islamistane sjølve som hadde skapt.

Under demonstrasjonane i Oslo 21. september vart det ikkje nemnt at filmen nyleg var brukt som påskot til å ta livet av fire amerikanske diplomatar i Libya, «tilfeldigvis» på den symbolske dagen 11. september. Det verste ved seansen var at ordførar Stang og biskop Kvarme hadde late seg invitere til å delta. I staden for å innynde seg hos arrangøren med tale om «fellesskap med troende» og «forståelse for at krenkelse fører til sinne og raseri» burde dei to norske øvrigheitspersonane forklart kva ytringsfridom er, at i demokratiet skal ytringar vera frie ubundne av makthavarane. Det hadde vore langt betre dersom bispen hadde lagt inn ein passus med prinsipiell avstand frå den terror og valdsbruk, som gjer dødslistene frå jihadistisk aggresjon lengre kvar einaste dag, kvar einaste veke, året rundt, verda rundt. Berre sidan 11. september 2001 er det tale om over 20.000 terroraksjonar med dødbringande utfall, hovudsakleg utførte i afrikanske og asiatiske statar der islamismen er på offensiven.

Same dag, 21. september 2012, steig også radikale islamistar til overflata i det norske samfunnet for første gong. Ei religiøs dedikert gruppering med namnet Profetens Ummah samla seg framfor Den amerikanske ambassaden. Islamistisk krigsretorikk gjalla bortover Drammensveien, og innimellom lyddest vanærande karakteristikkar av dei meir fredsame trusfellene borte på Youngstorget.

Dette fenomenet, radikal islamisme på norsk jord, med trugsmål mot demokratiet frå unge norske statsborgarar, med avlegging av jegerprøve og kamptrening i Syria, og med applaus for drap av norske gislar i Algerie i januar 2013, skjer berre eit par-tre år etter at Thorbjørn Jagland (og biskop Kvarme før han) hevda at det ikkje er grobotn for radikal islam i Noreg. Då Martin Kolberg uttalte at me måtte ta den radikale islamismen på alvor i landet vårt, fekk han ei overhaling frå sin sambygding og åndsfrende Jagland, som for godt mål skjelte ut heile Arbeiderpartiet «som ikke aner hva islam går ut på.»

¤

For mange venstre-ekstremistar som i si tid sverma for marxist-leninismen, har islamismen overteke rolla med å fylle den personlege lengten og dragnaden mot diktatur og totalitære tankebygningar. Som eg skreiv i Amerikabrevet: Europa i fare (Koloritt 2007): «Eit nytt hårreisande fenomen i Europa er alliansen mellom venstresida og det ekstreme islam; det er ikkje noko vakkert syn når sosialistar omfamnar den reaksjonære islamske fascismen!» Den europeiske venstresida ser ikkje ut til å ville ta utfordringa frå Christopher Hitchens: «Ta dykk saman, folkens! Det er på høg tid at The Left fornyar sin heroiske kamp mot undertrykkjande religion og fascistiske tyrannar!»

Då eg gav ut boka, fekk eg sjølvsagt mykje kritikk frå det skriveføre ytre venstre. Eg var både uopplyst, stupid, islamofobisk, xenofobisk og ting som verre var. Seks år etter gir eg no ut ei ny bok, Demokrati eller islamisme – Europa under islam? I den må eg dessverre slå fast at mange av dei utviklingstrekka eg tok fram (og fekk kjeft for) har rulla vidare i same retning, og jamvel har forsterka seg!

Demografiske omveltingar skyt fart. Noreg opplever rekordvekst i folkeauke gjennom innvandring. Når innvandringa går fortare enn integrasjonen, oppstår det over tid ein lang serie aukande problem, til dømes utanforskap, arbeidsløyse og kriminalitet, rasisme, fattigdom, sosialt elende og press på institusjonar og velferdsordningar. Resultatet blir eit gradvis margsteling av velferdsstatane slik me fram til i dag har kjent dei. Opprørstemningar og sosial uro vil kunne utløyse høgre-ekstremisme og venstre- ekstremisme i gjensidig rekyl. Slik kan det snart bli rundtom i heile Europa. Særleg ille vil det kunne bli i utkanten av storbyane, der tilhøva mange stader er slik at politiet ikkje lenger vågar seg inn. Me opplever bydelar og enklavar dominerte av islamistar og grupper som heller vil ha segregasjon enn integrasjon, og som ikkje ønskjer påverknad av dei europeiske fridomsverdiane og dekadent vestleg kultur. Talet på slike «no-go-zones» i Europa har tredobla seg på få år.

Sidan 2007 har òg sharia-lovgjeving kome i bruk på fleire geografisk avgrensa område, til dømes 85 muslimske domstolar i England hittil (særleg familierett, arvespørsmål, skilsmål osv.) Politikarane gjev etter for krav og ønskjemål, maktar ikkje å stå oppreiste, og trur kanskje at det på sikt blir greitt å handtere to eller fleire sett juridiske system på same territoriet? Multikulturalismen – framleis med applaus frå politisk progressive elitar som vil ha vekk kristendomen og nasjonal kultur – er ingen farande veg. Merkel, Sarkozy og Cameron (og snart Hylland Eriksen) har funne ut dette. Det viktige asylinstituttet er for lengst overvelda av den internasjonale asylindustrien. Fem millionar muslimar i 1990 er blitt til førti millionar på tjue år. Frå førti til hundre millionar er det ikkje langt når tempoet går over frå trav til galopp.

¤

Dersom nokon er i tvil om kva slags type haldningar og handlingar som ventar når aktive og skolerte islamistar får slike nye mengder med muslimske åndsfrendar å spela på – til dømes med fem, ti eller tjue prosent av folket i eit samfunn, for ikkje å seia tretti, førti eller meir – kan ta ein titt i Dr. Peter Hammonds bok, Slavery, Terrorism and Islam – The Historical Roots and Contemporary Threat. Den viser empirisk kva som ofte skjer i mange land etter kvart som prosentdelen stig. Det lovar ikkje godt dersom annankvar britiske muslimske student heller vil ha sharia-lovgjeving enn parlamentarisk demokrati.

Automatikken arbeider, snøballen rullar. Men heldigvis, fleire europearar enn før – frå høgresida og eit godt stykke inn i sosialdemokratiet – tek omsider til å undre seg korleis utviklinga blir og kva retning Europa går. Det ubehagelege spørsmålet om islamifisering melder seg: Har me alt nådd the point of no return ?

Det styrkjer ikkje optimismen når ein ser at EU ikkje lenger har eit samlande idegrunnlag som basis. Europa er for tida forvirra – dels åndeleg og dels økonomisk fallitt – og er difor snart nede i kneståande. Då blir det ikkje anna enn ad hoc teknopolitikk.

Islam har ungdom og vilje. Europa har alderdom og velferd. Resten er matematikk?

Etter mi meining er det framleis tid til framsynt politikk. Problemstillinga er klar: Dersom demokratiet skal vera berekraftig i framtida, krevst det politisk leiarskap som maktar å sjå dei kreftene som har slege rot i Europa, som vedgår dette, og som deretter handlar i samsvar med realitetane.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.